Opplysninga bryter norsk lov!

Publisert: 25.02.11

– innholdet kan være utdatert

Fire år etter førre eigarskapsmelding er det fleire som stiller spørsmål ved om statens eigarskapsmelding har hatt nokon hensikt. Regjeringa har fått kritikk for fleire forhold.

Dei siste åra har Opplysninga 1881 lagt ned sine lokalkontor både i Sortland og Fagernes, utan at verken staten eller Telenor har løfta ein finger. I desse dagar er det dei ansatte ved opplysningas kontor i Lærdal som vil oppleve masseoppseingar, noko som vil gi store ringvirkningar for lokalsamfunnet.

Opplysninga 1881 har vore ein hjørnesteinsbedrift med trygge og gode kvinnearbeidsplasser. Lærdal er ei bygd som frå før står i fare for et stort bortfall av arbeidsplassar. Regjeringas endringsplanar i sykehusstrukturen gir store endringar i Lærdal. 1 av 4 arbeidsplassar kan bli borte frå Lærdal om Opplysninga 1881 fortsett sine planar samt at prosessen med omstrukturering av sykehusstrukturen ikkje endrast.

Drøftingane med tillitsvalte er over og opplysninga imøtekjem ikkje nokre av EL & IT Forbundets forslag. Forslag som kunne ha berga de fleste av desse sårt trengte arbeidsplassane i Lærdal. EL & IT Klubbens krav er at all bruk av midlertidig arbeidskraft både frå ringelister og vikarbyrå skal avviklast før oppsigelsar av fast ansatte kan komme på tale. Tvert imot ynskjer leienga økt bruk av midlertidige ansatte,det betyr at selskapet er villige til å bryte Norsk lov for å auke et allereie stort overskudd. Ein seriøs arbeidsgivar ville ha fjerna all bruk av ulovlig tilsette før ein vel å gå til masseoppseiing, av lojale medarbeidarar med god kompetanse.

Dei tillitsvalte fryktar ein forringing av kvaliteten på tjenesten ved at ein erstattar faste ansatte med midlertidig arbeidskraft. Opplysninga fråvik no ansinitetsprinsippet når dei vel eit så stort antall på ein avdeling og ikkje ser bedrifta under eitt.

Me hevda ved utsalet av Opplysninga 1881 frå Telenor, at utsalet ville skada selskapet og drifta, dei tillitsvalte var den gong redd for at kapitalen skulle styra over samfunnsansvaret og at arbeidsplassane skulle forsvinne ut av distrikta. Dette viste seg å være begrunna, no er det kortsiktig profittmaksimering som styrer beslutningane som blir tatt i bedrifta. Resultatet er ein driftsform som bryt med norsk lov.

På vegne av EL & IT Klubb Opplysningen:

Hjørdis Henriksen (leiar) tlf:952323161
Lilly Kvamme (nestleiar) tlf: 97123488
Hanne Fahsing (presseansvarlig) tlf: 41656037

Relevante artikler

Etter fire dager endte forhandlingene mellom EL og IT Forbundet og NHO Elektro med brudd. – Ville ikke møte oss på noen av våre krav.
Styrking av medlemmene økonomi er en prioritet. Vil endre hvordan lønna reguleres i mellomoppgjørene
Klokka 04.00 natt til onsdag 17. april ble det brudd i tarifforhandlingene mellom EL og IT Forbundet og NHO på Telenoroverenskomsten

Søk på siden

Language
Language
Language

Gi oss en tilbakemelding

Vi setter stor pris på om du sender oss en tilbakemelding om du oppdager feil og mangler på nettstedet, eller om du savner informasjon.