NOU 2018:17 «Klimarisiko og norsk økonomi»
Publisert: 18.03.19
- innholdet kan være utdatert
Det er stort behov for å få klarheit i korleis Norge og norsk økonomi er utsett for klimarisiko, både i dag og i framtida. Det er derfor positivt at det no føreligg ei utgreiing av klimarisiko i Norge.
Utvalet har etter LO sitt syn klargjort fleire sider ved klimarisiko. LO er samd i utvalet si skildring av klimautfordringa, og er nøgd med at FNs klimapanel sin femte hovudrapport og spesialrapporten om 1,5° er hovudkjelder for tekstar om effektane av klimaendringar. Det vert fastslått at klimaendringar vil ha alvorlege konsekvensar for livet på jorda, og at katastrofale klimaendringar ikkje kan utelukkast. Det vert vidare fastslått at klimaet i Norge har endra seg merkbart siste århundret, og vert varmare, våtare og villare.
LO er samd med utvalet i at det viktigaste grepet norske myndigheiter kan ta for å møte risikoen er ein ambisiøs og effektiv klimapolitikk.
Det er klart at tiltaka som er varsla frå dei ulike landa for å møte forpliktingane til Parisavtalen, på langt nær er nok til å nå måla. LO har merka seg at utvalet fastslår at Parisavtalens mål krev ei fundamental omlegging av verdssamfunnet sin bruk av energi, noko som vil ha følgjer for norsk økonomi.
LO meiner utvalet har levert ei god skildring og klargjering, så langt mandatet har tillate det. Utvalets forslag til overordna prinsipp for handtering av klimarisiko kan LO stille seg bak, og meiner det kan vere eit godt verkty i både private og offentlege verksemder.
Likevel vil vi påpeike at mandatet til utvalet har vore for snevert.
Det er eit stort behov for å gå nærare inn på klimarisikoar og problemstillingane for enkeltnæringar, for staten som eigar, for konsekvensar for samfunn, og konsekvensar for arbeidsliv og sysselsetting, enn det utvalet har hatt høve til.
Enkeltnæringar i Norge må «benchmarkast» i eit internasjonalt perspektiv.
Ettersom dette er mangelfullt i utvalets rapport, vert det sjølvsagt òg eit manglande grunnlag for å vurdere og iverksette tiltak og satsingar for å møte klimarisiko, og å mildne og kunne omgjere følgjene av risikoen til moglegheiter.
LO vil vidare påpeike at næringslivet sine eigne tiltak, samt vilje til å redusere klimafotavtrykket, òg bør vektleggast i ei klimarisikoanalyse. Vi viser mellom anna til vegkarta for prosessindustrien, for grøn handel, for transportsektoren og for petroleumssektoren. Klimaendringar i andre land kan ha store konsekvensar for norsk næringsliv, gjennom til dømes endra føresetnader for produksjon av råvarer, og dermed tilgangssvikt for ei mengde produkt til norsk handel.
Klimautfordringane er globale, og må sjåast i det perspektivet. Til dømes er produksjon av aluminium i Norge basert på fornybar vasskraft meir klimavenleg enn om det produserast andre stader i verda på ikkje-fornybare energikjelder. -At Norge har slik industriproduksjon og satsar på karbonfangst og lagring, CCS, vil altså minke klimarisikoen globalt.
Utvalet meiner det er trong for mykje vidare arbeid med analyser og utgreiing, for å kome vidare i arbeidet med å førebu Norge på endringar som følgje av klimaendringar. Dette er LO samd i. Særleg vil det vere trong for å greie ut problemstillingar kring bortfall av inntekter til finansiering av velferdsstaten, samt trong for omstilling av arbeidsstyrken og arbeidsplassar i fleire bransjar og sektorar.
Vidare må det leggast vekt på at kommunesektoren vil ha trong for monaleg med midlar til planlegging, meir og betre kompetanse, samt til fysiske tiltak for å sikre kritisk infrastruktur og andre viktige verdiar mot klimaendringar.
Tryggheit for tilgang på mat, samt tilgang på råvarer for eigen matproduksjon, må vektleggast i klimarisikoarbeidet.
LO vil minne om at Parisavtalen fastslår viktigheita av ei rettferdig omstilling for arbeidsstyrken, trong for å sikre skikkelege og trygge arbeidsplassar, og oppretting av kvalitetsarbeidsplassar på vegen til ei klimavenleg framtid. Ei rettferdig omstilling vil seie at det er respekt for arbeidstakarrettar; reell medverknad, sosial dialog og inkludering i omstillingsprosessen frå planlegging til gjennomføring; trygge velferdsordningar; at dei tilsette får kompetanseheving og etter- og vidareutdanning til eit endra arbeidsliv; og at myndigheiter og næringsliv investerer og satsar på berekraftige og klimavenlege løysingar som òg sikrar arbeidsplassar. LO meiner ei prioritering av rettferdig omstilling frå myndigheitene vil ha stor påverknad på å dempe og minske samfunnsmessig klimarisiko.
Ei klar analyse av klimarisikoen for enkeltnæringar er første steg på vegen til å sikre tilstrekkelege og gode tiltak. For å møte risikoen må klimapolitikken innehalde klare og konkrete tiltak og satsingar for eit klimavenleg arbeidsliv, som til dømes ei kraftfull satsing på heile CCS-verdikjeda, – noko som verkeleg kan verte ei trygg omstillingsnæring med titusenvis av lønsame arbeidsplassar, og omgjere risiko til moglegheiter. Ei norsk CCS-satsing vil òg kunne gi stor effekt for både klimagassutslepp, sysselsetting og klimarisiko i europeisk og internasjonalt perspektiv.