Meirverdiavgiftsfritak for elektroniske publikasjonar

Publisert: 13.02.19
(Endret: 09.12.21)

– innholdet kan være utdatert

EL og IT Forbundet støtter LOs høringssvar til Skattedirektoratet.

LO er kritisk til dei foreslåtte reglane for meirverdifritak for elektroniske utgåver av tidsskrift.

Definisjonen av vilkåra for fritak er så avgrensa at ein knapt kan snakke om ei reell utviding av momsfritaket, men at det her berre er snakk om fritak for ein rein statisk PDF av papirutgåvene. Det er noko heilt anna enn det som blei varsla i Prop.1 LS (2018 – 2019):

«Fritaket vil gjelde elektroniske utgaver av trykte tidsskrift, som ikke behøver å være identiske med det trykte tidsskriftet.»

LO er også kritisk til ekskluderinga av elektroniske nyheitstenester. I ei tid som internasjonalt er prega av påstandar om «fake news» og undergraving av rolla til pressa generelt, meiner LO det er svært viktig å styrke mediemangfaldet også utover dei etablerte mediehusa. Meir enn nokon gång treng vi ei stor bredde av redaktørstyrte medier som driv grundig og seriøs journalistikk på sine områder. Fagblada må kunne få møte lesarane/publikum der dei er, og der stadig meir av samfunnsdebatten skjer, nemleg på nettet. Og få høve til å utvikle seg digitalt på lik linje med mediene som fell inn under paragraf 6-2-1 i meirverdiavgiftsforskrifta.

Forslaget til regelendringar undergrev ei slik utvikling. Overordna meiner LO det er viktig å utvide momsfritaket til å omfatte alle redaktørstyrte publikasjonar, også for dei redaksjonane som utviklar elektroniske nyheitstenester.

Prinsipielt bør momsfritak gjelde all journalistikk som fell inn under lov om «redaksjonell fridom i media». LO meiner dette er viktig også for å tryggje det norske demokratiet, norsk språk og kultur.

Søk på siden

Language
Language
Language

Gi oss en tilbakemelding

Vi setter stor pris på om du sender oss en tilbakemelding om du oppdager feil og mangler på nettstedet, eller om du savner informasjon.