Forslag til endringar i vannressursloven og jordlova

- innholdet kan være utdatert

Grunnvatn er ein særs viktig fellesressurs og økologisk ressurs, og det er avgjerande at denne vert forvalta berekraftig. LO støttar forslaga til innføring av aktsamheitsplikt for grunnvatntiltak på lik line med aktsamheitsplikta for vassdragstiltak etter vannressursloven § 5.



LO er samd i forslaga om å lovfeste eit særleg vern av laksen ved tiltak i vassdrag (tilsvarande som i lakse- og innlandsfiskeloven), og presiseringa av at vassdragsmyndigheitene kan pålegge retting.



Når det gjeld forslaga til overføring av myndigheit for mindre vasskraftsaker til kommunane, kan ikkje LO sjå at omsynet til målet om meir myndigheit til kommunane veg opp for ulempene ei slik overføring vil ha. Tvert om ser det ut til å medføre at kommunane sjølve må bygge opp svært spesialisert kompetanse dei sjeldan vil trenge, og såleis utgjere ein meirkostnad. Det vil som NVE presiserer, måtte vere svært mange unntak for i kva saker kommunane faktisk vil kunne ha myndigheit. LO stiller seg tvilande til at dette vil gagne korkje fellesskapet, det kommunale sjølvstyret eller natur og miljøomsyn.



LO vil vidare trekke fram at nettselskapa ofte er regionsselskap med verksemd som strekk seg over fleire kommuner, og at dette kan tenkast å vere problematisk i høve nøytrale kapasitetsråd for den enkelte kommunen.



LO er opptatt av at det må vere lik og heilheitleg praksis for korleis slike saker vert handsama.



LO meiner NVE si utgreiing syner at dette omsynet kan svekkast ved den føreslåtte myndigheitsoverføringa til kommunane. LO stiller seg elles bak NVE sine innvendingar og forslag kring dette.